Generalforsamling
2009 + 15 års jubileum
Barlia Fotballklubb feirer 15 år i 2009. Dette vart feira under den
5. generalforsamlinga i klubben, lørdag 3. januar 2009. Den delvis
nyoppussa Møteplassen i Stranda sentrum var, som vanleg, staden der vi
vart samla etter nok ein gjennomført Nattcup i Strandahallen. Det var
BFK Farmers sin tur til å stille med programleiarpar i år, og Kim og
Roger losa Barlia-folket gjennom programmet på ein fabelaktig måte.![]() Etter at forsamlinga hadde fortært den fantastiske kyllinggryta frå Prix Stranda, kunne programmet begynne for fullt. Tradisjon tru heldt Odd Sveinung takk for maten-talen, før en særdeles snakkesalig og livleg Torgeir tok til på eit av årets høgdepunkt, nemleg Barlia Fotballklubb si årvisse prisutdeling. (Sjå bilder frå prisutdelinga heilt nederst på denne sida). I år var det heile 14 prisar som skulle delast ut, og endå fleire var nominert. Her må det nevnast at Martin stakk av med prisen for årets lookalike, til ellevill jubel frå resten av gjengen. Joakim S. delte ut den nye toppscorarpokalen i Barlia Fotballklubb. Glassblåsaren Rikke Edel Thunæs frå Bergen har laga eit glasstatuett i oransje og svart der alle toppscorarane frå 1994 og fram til i dag er inngraverte. (Les om korleis denne statuetten blei til). Den heldige som fekk motta pokalen for første gong var Erlend Langelo. Erlend scora 5 mål for BFK Farmers i 2008, og blei dermed toppscorar i klubben for fjoråret, han får beholde pokalen til toppscoraren for 2009 blir kåra på neste generalforsamling. ![]() ![]() Eit anna innslag som var vorte tradisjon på generalforsamlinga er Malins vitsehjørne, og tvillingen stilte opp også i år. Latteren satt laust, sjølv om Odd Sveinung i ettertid måtte gå igjennom vitsane del for del, slik at Kim Sture skulle forstå dei. Malin vart avløyst av Thoro, som hadde fått det ærefulle oppdraget å halde jubileumstalen for 15 års jubilanten. Thoro børsta støvet av ei utuleg artig historie frå midten av 90-tallet, og krampelatteren fekk overtaket då han skildra kampen mellom Kjølås F.K. og Barlia F.K. på Kjølås stadion. ![]() Neste innslag stod Malin, Bjørnar og Joakim S. for, dei hadde laga Barlia Fotballklubbs festsang med aktivitetar. Sangen, som sjølvsagt hadde verdspremiere, vart framført live med gitar og allsang. Tekstforfattarane var svært nøgd etter framføringa, og det virka det som at publikummet også var. Meir allsang vart det når Lyden av Barlia med Barliasangen vart spelt på storskjermen og høgtalaranlegget. Klubbsangen hadde tydeleg blitt ein del av sangreportuaret til dei fleste i løpet av det siste året. Ingen generalforsamling utan tale frå Eidsdals store sønn! Hans Martin avrunda det offisielle programmet med å halde nok ein kanontale, denne gongen vart han dessverre ikkje filma, men den svenske jenta i Geiranger vil nok ingen glømme med det første. Etter nokre innslag som var tatt på sparket, gjekk turen til Stranda hotell. Nokre hadde ein pit stop på den nye uteplassen Grand, som også holdt ope denne kvelden. Under kan du sjå bilder frå Generalforsamlinga 2009/15 års jubileumet, og under der igjen kan du sjå blinkskudd frå prisudelinga. Takk til alle som var med på å gjere denne helga til det den er - Nattcup er og blir vinterens vakraste eventyr! PS: Det må også nevnast at årets bilde i BFK-kalenderen blei kåra. Alle festdeltakarane fekk lov å stemme på sin favoritt, topp 3 blei følgande: Nr. 3 med 4 stemmer: Martin Jelle Sylte. Nr. 2 med 8 stemmer: Håkon Mikal Dalen. Nr. 1 med 12 stemmer: Thor Olav Drege. Gratulerer! :) |
|
|