Generalforsamling 2008

Ein fest om verkeleg lev sitt eige liv er Generalforsamlinga i Barlia Fotballklubb, og den fjerde i rekka gjekk av stabelen etter Nattcup 2008 (lørdag 5. januar). Som vanleg var det Møteplassen i Stranda sentrum som var åstad for ein av årets festar. Programleiarparet Stine og Merete ønskte oss velkommen til bords kl 20.00, og festen kunne begynne!

Coop Mega Stranda stilte i år med lausagne med tilbehør, og etter maten var fortært var det på tide med kveldens første innslag, takk for maten-talen. Som seg hør og bør er det Odd Sveinung som har denne oppgåva, men ettersom at Oddemann var i Bergen denne helga, og at vi heller ikkje fekk han med på link, tok Thoro denne oppgåva på strak arm. Thor Olav la sjølvsagt vekt på BFK Bedrift sin innsats på Nattcup 2008. Laget scora eit mål, og hadde ikkje to-siffra antall baklengs i nokon av kampane.

Etter at Thoro hadde gitt slepp på rampelyset, var det tid for enda meir stemning. Malin entra med sitt vitsehjørne, og dei fantastiske vitsane og gåtene satt som eit skudd! :-)

Programleiarparet styrte ikkje berre kveldens underhaldning, dei hadde også laga eigen quiz. Kven veit mest om Barlia F.K. Babes? heitte quizen. Dei tre herrelaga i Barlia kjempa ein hard kamp mot kvarandre, og det var til slutt Barlia F.K. som gjekk av med seieren, eit poeng foran BFK Bedrift. Protesten Stine og Merete mottok frå Bedrift-gjengen blei blankt avvist, og Barlia F.K.-karane kunne triumfere. Kjente vi ikkje babesa frå før, så gjer vi det i alle fall no!

Så var det endeleg tid for verdpremiera alle snakka om. "Bandet" Lyden av Barlia (Henrik, Mersad, Malin, Joakim R., Thoro, Merete, PK, Torgeir og Joakim S.) var forsangarar når Barliasangen, med musikkvideo, blei spelt for første gong. Det vart ein umiddelbar hit, og sangen måtte spelast fleire gongar utover kvelden, den blei også høgdepunktet på Stranda hotell seinare på kvelden, då det vart øredøvande allsang på dansegolvet, men det er ei anna historie.

Eit av høgdepunkta på Barlia Fotballklubb sine generalforsamlingar er Torgeir si prisutdeling, og utdelinga for 2008 var ingen unntak. Les meir om utdelinga her, eller trykk på bildet av Torgeir til høgre.

Festen var godt i gang, og kveldens siste innslag var Camp Hans Martin. Homlong sine talar er viden kjent, og i år hadde Eidsdals store sønn gått tom for tale-tema. Årets vri vart derfor at Hans Martin skulle prøve å fortelle "Vermeldingshistoria" frå 2005 i Kristoffer Schau-stil, altså ikkje Camp NRK, men Camp Hans Martin. For dei som ikkje veit kva dette gjekk ut på måtte Homlong sitte ved eit bord å fortelle historia medan han var naken frå livet og ned. Dette skjedde mens Martin og Torgeir låg under bordet og prøvde å forstyrre Hans Martin på mange ulike måtar. NB: Bildene frå Camp Hans Martin lenger nede på sida kan vere sterke for yngre lesarar! (Trykk her viss du vil sjå film frå Camp Hans Martin)

Etter at den verste krampelatteren hadde lagt seg etter Camp Hans Martin, var det på tide å sette kursen mot Stranda hotell, men først måtte sjølvsagt musikkvideoen til Barliasangen spelast igjen. I vill allsangrus tok Barlia-familien fatt på dei siste timane av ein av årets festar saman med dei andre Nattcup-laga på hotellet. Takk til programleiarane Stine og Merete, vi gler oss til kva farmerane finn på til neste år. For ein fest, for eit lag og for ein cup!