Generalforsamling 2007

Tradisjon tru arrangerte Barlia Fotballklubb generalforsamling på Møteplassen i Stranda sentrum på lørdagskvelden etter Nattcup. Mykje takka vere eit solid og variert program, har forsamlinga alt blitt kåra til årets fest! Under er det satt sammen både bilder, filmar og tekst frå kvelden som vart avslutta på eit stappfullt Stranda Hotell.

Årets programleiar Nils Einar ønskte alle spelarar og administrasjon i klubben velkommen til bords i åttetida på laurdagskvelden. Middagen var som vanleg levert frå Coop Mega Stranda, og det var oksegryte med salat og ris som vart servert, etter at oksen hadde slått kylling, stroganoff, mossaka og lasagne i voten om kva vi skulle ete. (Sjekk voten her.)

Odd Sveinung takka for det gode måltidet i den årlege "Takk for maten"-talen sin, han la vekt på at vi no måtte videreføre viriliteten i oksen vi hadde ete - krinsløpet måtte fortsette.

Så var det Joakim sin tur med den Buzz-inspirerte konkurransen "Kven veit mest om Stranda?". Kvart Barlia-lag hadde sin representant i tevlinga, og etter 5 intense rundar, med stort konkurranseinstinkt frå dei fleste, kunne hovuddommar Torgeir konstatere at Barlia F.K. og Brynjulf visste mest om kommuna vår.

Torgeir var også mannen bak neste innslag - Prisutdeling 2007. (Sjå bilder og les meir ved å trykke på bildene til høgre.) Heile 12 prisar vart delt ut, her kan vi nevne blant anna prisen årets danseløve, som gjekk til Martin, og Brynjulf sin pris - årets googler (Les meir til ved å trykke på småbilda til høgre.) Den tolvte og siste prisen gjekk til Hans Martin som blei årets talar. Dette var ein pris som krevde ein ny tale, og heile Møteplassen heia Homlongen unisont fram til det som skulle bli 2007-versjonen av Homlong taler. (Sjå deler av den hysteriske talen i boksen under.)

                  

Endelig var det tid for kveldens høgdepunkt, det alle hadde venta på! Det beste kjem alltid til slutt, og det nyoppstarta bandet "The Bedrifters" skuffa ikkje. Anført av kappellmester, og kveldens programleiar, Nils Einar tok bandet Generalforsamlinga til himmels! Større stemning har det vel knappast vore noko stad sidan frigjeringa!

The Bedrifters, som består av spelarar frå BFK Bedrift, starta opp med sangen "House of Rising Sun". Med PK på gitar, Nils Einar på keyboard og vokal, Ole Petter på tamburin, Claus på triangel og Henrik på rytmekuler og vokal, var bandet ein sikker vinnar!

Sang nummer to var Rune Rudberg-sangen "Ut Mot Havet". Glansnummeret vart gjennomført saman med gjesteartist Dirk Anderson, noko som tok festen til bristepunktet. (Sjå film av The Bedrifters - Ut Mot Havet HER.)

Tredje, og siste, innslag frå The Bedrifters var festklassikaren "Tore Tang", og Møteplassen fulgte opp med enda meir jubel. (Sjå film av The Bedrifters - Tore Tang HER.) Sjekk også ut heimesida www.thebedrifters.com :-)

Jubelen ville ingen ende ta, så bandet måtte til med Ut Mot Havet igjen. Alle på generalforsamlinga var enige om at bandet har ei stor framtid foran seg, og dette var nok heilt sikkert ikkje det siste vi har sett av The Bedrifters.  (I ettertid har gutane fått fleire jobbtilbud på indre Sunnmøre, så det er berre å halde auge og ører opne!)

Nok ei herleg Generalforsamling var over, men festen var absolutt ikkje slutt. For no vart Stranda Hotell inntatt av den festglade Barlia-familien. Der møtte vi resten av laga som vi hadde spelt med og mot under Nattcup 2007. Fullt er vel eit stikkord som dekker over festen på hotellet. Det var trangt om plassen på alt frå dansegolvet til toalettet, og koseleg var det. Nokon havna også på nachspiel til slutt, og i casa del Thoro var det både folk frå Prim og Barlia som avslutta kvelden med å ja.. løyse verdsproblem? eller var det skrøner som vart fortalt? :-)

Sjå bilder frå Generalfosamling 2007, samt festen på Stranda Hotell etterpå, lenger nede på denne sida. På vegne av Barlia Fotballklubb vil eg takke alle som var med på Nattcup 2007 for nok ein gong ei kjempekjekk helg. Trur mange alt har begynt å glede seg til 2008!