Klubbhus i oransje? - 05.02.2024

Kan Villa Karine ende opp i vår kjære oransje farge?

I 2023, under BFK-cup Bergen, fekk endeleg Barlia Fotballklubb eige klubbhus. Etter mange år i kjellaren i Barlia 45, kan endeleg klubben skilte med eige staseleg hus.

Villa Karine ligg i Villaveien 1 på Nygårdshøyden i Bergen.

Huset blei oppført i 1886 i regi av byggmester C. Tvedt og J. W. Scarborough.

På den tida var det berre nokre få andre hus på Nygårdshøyden, i tillegg til museet og Johanneskirka. Villa Karine er teikna av arkitekt Schak August Steenberg Bull – nevø av Ole Bull og fetteren til Edvard Grieg.

Huset sin første eigar var ingeniør Henrik Feldmann, som jobba for det internasjonale klassifikasjonsselskapet Berau Veritas i Frankrike. I 1908 overtok fisk- og sildekjøpsmann Amund Arnet på Tyskebryggen villaen.

Under 2. verdenskrig okkuperte tyskarane Villaveien 1, men i 1945 flytta familien som eigde huset tilbake til dei over tusen kvadratmeterane.

Det har vore mykje liv og røre i regi av dei som har budd i huset opp igjennom dei siste hundre åra. Kvart einaste år har det vore gigantiske festar i Villaveien 1, der husets folk har samla slektningar som tilhører huset si rikhaldige historie.

Og no, som ein gest til Barlia Fotballklubb, er det ønskeleg å male huset i oransje i samband med BFK sitt 30-årsjubileum i 2024.

Fredag 16. februar inntek klubben igjen klubbhuset på "Høyden" i samband med BFK-cup Bergen 2024, som går av stabelen i Vestlandshallen dagen etter.

Les meir på www.bfkcup.barliafk.com.

 


Slik Villa Karine vil sjå ut etter at huset har blitt malt i BFK sin oransje farge.
Trykk på bilde for større storleik.


Slik ser Villa Karine ut i dag - 2024.



ANNO 1900: Villaveien 1 var eit av dei første husa på Nygårdshøyden.
Her sett frå Nygårdsparken ein gong mellom 1900 og 1910.
FOTO: Knudsen, Knud & Co, Bildesamlingen UIB.


SPISESTUA: Dette bildet er datert til starten av 1920-tallet.
FOTO: Atelier KK, Billedsamlingen UIB.deling.