25-årsfeiring i Berlin -
06.05.2019
Torsdag 2. mai til søndag 5. mai feira Barlia Fotballklubb seg sjølv
med tur til den tyske hovudstaden.
Turen innehold mykje program med blant anna sykkeltur, bar til
bar-runde og Hertha Berlin-kamp på Olympiastadion.
Jubilenten fekk også spele kampar på tysk jord, då vi spelte mot BSV
Hürtürkel 1 og BSV Hürtürkel 2. Kampane enda 3-0-siger og 7-0-siger.
Til høgre kan du sjå nokre blinkskudd frå turen.
|

Brandenburger Tor og Fjernsynstårnet.

Kamp mot Hürtürkel 1 og Hürtürkel 2.


Torgeir er igang med sitt 3 timar lange
talkshow, utan eit kjedeleg sekund.

Homlong med obligatorisk dans.

Prisutdeling.


Klar for Hertha Berlin mot Stuttgart på
Olympiastadion.

Sykkeltur med guide.

Minnesmerke.


|