Tre nye spelarar til Barlia Fotballklubb - 28.04.2017

Tre spelarar har i løpet av dei siste dagane lagt skoa på hylla for BFK. Det er derfor gledeleg å presentere tre nye spelarar i dag. Alle har tidlegare bakgrunn frå Barlia Fotballklubb.

Ein epoke er over! Alexander Græsdal gir seg i klubben, 16 år etter debuten. Græsen har scora til saman 13 mål frå sin venstreback-posisjon frå 2001 og fram til i dag. Takk for innsatsen Græs.

Kåre Martin Ringset avslutta si BFK-karriere med 14 mål. Kåre debuterte, som Alex, i 2001. Han spelte den gongen i kvit for laget FK Barlia. Dei seinare åra har Kåre vore med på laget Barlia FK. Takk for innsatsen Kåre Martin.

Sistemann som gir seg er Kristian Klemetzen. Han som inn som eit friskt pust i 2013 med godt spel på bana og gode innspel på generalforsamlinga. I 2013 blei han også årets spelar i klubben. Kristian har scora 6 mål for BFK. Takk for innsatsen Klemz.

Nye spelarar inn.
Førstemann som blir presentert er Kato Vangen. Kato spelte for BFK Farmers i 2005 og i 2006, og teikna seg på scoringslista 11 gongar. I dag bur han på Stord. Kato har fått trøye nummer 12. Vi ønsker Kato velkommen tilbake.

I 2002 debuterte Ole Magnus Melchior for BFK Farmers. Etter eit mål på Vestborgcup og eit mål på Nattcup, forsvant Ole Magnus frå klubben mot slutten av 2003. No er Ole tilbake, og talet 14 vil stå på ryggen ryggen hans. Olemann er busatt i Ulsteinvik. Vi ønsker også han velkommen tilbake til Barlia Fotballklubb.

Robin Eriksen er dagens siste signering. Han har vore med i Barlia Fotballklubb sidan 2013, men det er først i dag vi presenterer han som spelar. Robin har netta 11 gongar for BFK på to cupar, og han blei klubbens toppscorar i 2016. Likt med Ole Magnus får Robin drakt nummer 14. Velkommen i klubben Robin.

Den første utfordringa for dei nye spelarane blir BFK-cup Oslo 2017. Datoen er enno ikkje satt, men det blir på hausten ein gong. Vi ønsker alle tre lykke til.