Programleiar 2013 - 02.12.2012

Det vart i går kveld klart kven som skal vere programleiar under Generalforsamlinga i 2013. Og det er ingen kven som helst som skal leie det festlege laget i kjellarstua hjå familien Sørå.

Torgeir Sæten Hoff, fødd 18. mars 1984, er Odd Normann Hoff sin andre son i ei rekke på to. Etter ein oppvekst i "utkant-Stranda", også kalla Storgjerde, kom han i 1996 over til meir siviliserte forhold i Barlia. Hoff gjekk nemleg frå klubben Storgjerde F.K. til Barlia F.K. vederlagsfritt i og med at lysluggen var bosman-spelar. Han markerte seg tidleg i oransje både på og utanfor bana, og allereie første sesongen i BFK blei han toppscorar med 16 mål.

Seinare har luggen blitt litt mørkare og spissplassen har blitt bytta ut med plass i forsvaret, likevel står mannen, som er 1.96 på strømpelesten, oppført med 26 mål for klubben per dag dato. Vi har vore så heldige å få eit intervju med mannen som for tida er busett i Oslo-bygda.

Gratulerer med oppdraget. Du har erfaring på området, for du har vore programleiar før. Kva år var det?
- Takkar. Men for å sitere eit anna barlia-barn: "På tide!" *klappklapp* Vi snakkar nok midten av 2000-talet. Nærare bestemt 2006, 10 år etter at Ace of Base ga ut perla "Beautiful Life". Eg gjorde ein meget god figur også om eg ikkje hugsar feil, og det gjer eg vel strengt tatt aldri.

Den gongen delte du på programleiaroppgåva. Korleis vil det bli å lose Barliafolket åleine denne kvelden?
-
Eg var vel i tospann med Bjørnar Nupen skulle eg meine, sjølv om det sjølvsagt var eg som bar det heile. Det skal bli godt å få frie tøylar utan å måtte ta hensyn til andre amatørar, men kunne godt tenkt meg å hatt med meg ein Nils Eduardo som taffelmusikar på synthesizer.

Kva er forskjellen på Generalforsamlinga før og no?
-
Før var vi mange, no er vi få. Vi dyrkar kvalitet foran kvantitet, og ein kvalitetsgjeng må det vel gå an å seie at vi er. Kvalitet i alle ledd. Det blir stilt forventingar særleg til nykomar Aaland og comeback-kid Ringset.

I midten av februar reiser du til Australia for studier. Kva skal du studere? Blir det fotballspelinga Down under?
-
Då skal eg freiste å perfeksjonere sodomiens edle kunst. Eg skal ta ein master i manuellterapi. Fotballspeling blir det nok lite av, sidan det ikkje blir gjort rom for organiserte fritidsaktivitetar, som det så fint står i kursinformasjonen til universitetet. Så eg stiller med andre ord like godt forberedt som vanleg til Nattcup 2014 også.

Kan noko gå gale denne kvelden?

- Ting kan aldri gå gale under generalforsamlinga, i alle fall ikkje offisielt, eller så lenge Rellingen tar visse forholdsreglar mtp innslaga sine. Reknar også med at Homlongen stiller på med scenebidrag totalt blotta for sjølvhøgtidelegheit. Målsetninga med generalforsamlinga må også vere at søråguten ikkje blir erklært arvelaus i år heller, slik at Margot Milda kan diske opp med eit velsmakande måltid også i 2014. Oddemannen vil forøvrig bli djupt sakna, men eg har forstått det slik at han har planlagt ei overrasking for å få bøta litt på såra sjølv om han sitt og regnar vekk i England med ei høggravid kvige på denne tida.

Vi takkar for intervjuet og ønsker Torgeir lykke til både på og utanfor bana første helga i januar.