Sterke signeringar -
18.11.2012
Sidan Stian Ljøen Melchior la opp som BFK-spelar har klubben jobba med
mulege nysigeringar og eventuelle låneavtalar. I dag kan vi stolt
presentere to klassespelarar.
 Første
mann ut er ein gamal BFK-kjenning som spelte for laget FK Barlia frå
2001 til 2006, der scora han 14 mål i si bakspelarrolle. Vi ønsker Kåre
Martin Ringset velkommen tilbake i klubben, og håpar han vil trives like
godt i Barlia F.K. som han gjorde i FK Barlia. Det blir forventa ein
"tilbakekomsttale" av dei sjeldne under Generalforsamlinga etter Nattcup
2013. Kåre får draktnummer 12.
Den andre signeringa er eit nytt blad i BFK-samanheng. Torjus Aaland
akslar Barlia Fotballklubb si trøye for første gong under 2013-utgåva av
Nattcup. I følge han sjølv er han lagets potet og kan spele i alle
posisjonar, noko han heilt sikkert for høve til også. Vi forventar oss
store ting av BFK sin spelar nummer 13, både på og utanfor parketten.
|