Vanskeleg play-off - Kampoppsett for Nattcup 2012 - 23.12.2011

I kveld vart puljene til Nattcup 2012 trekt på Maro Cafe på Stranda. Nattcup.net hadde LIVE-oppdatering frå den nyoppussa kafeen, og utifrå puljene ser det ut til at det kan bli ein vanskeleg play-off for Barlia Fotballklubb.

BFK havna i pulje HD saman med Stilongs, Isane TUIL og Kremen FC. Stilongs møtte vi i play-off-kampen i fjor, ein spennande kamp som endte i 4-3-seier etter ekstraomgangar. Isane TUIL og Kremen FC er nye, ukjente lag.

I og med at alle laga i pulja går vidare til play-off-kamp, er det naturleg å sjå på kven vi møter der. Pulja vår, HD, skal møte lag frå pulje HC. Denne pulja består av Melk, Vestnes Futsal, Kjellern og Frøysa FK - ei meget sterk pulje som det er vanskeleg å velge ein ønskemotstandar frå.

Sjå heile oppsettet og les meir om Nattcup 2012 på www.nattcup.net.