Tilbake til julekalenderen






 

   
   

11. desember

- Les fleire artiklar frå barliafk.com her.
-
- Les meir om Nattcup 2012 på www.nattcup.net.

   

Eit lag som stadig klatrar på maratontabellen er Hoggorm. Krypdyrlaget har 115 poeng og innehar 14. plassen. Det er Andreas Kurseth som har ordet.

1. Korleis er ståda i klubben om dagen?
   (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Stemninga er som alltid på topp i Hoggorm. Det er vell eigentleg kun meg sjølv(Andreas) som slite med ei skade då eg nettopp har operert menisken, men til Nattcup skal eg være klar. Vi kjem til å flyge inn Fredrik og Kjetil frå USA denne gongen sidan dei har havna på college der borte. Og om Trond Brynestad finn ut at han har tid til å være med i år så blir han nok spelaren som kjem til å vise seg å være i trollform.

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2012?
Eigentleg går vi for å vinne kvart år. Men det viser seg gong på gong å vere umogleg, men vi er eit år eldre alle mann, så aldri sei aldri. Vi går for gull. Vi har også fått inn litt defensivt kaliber i år i Kim Vangen, då resten er mest offensivt anlagt, så vil nok det passe oss godt.

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana?),
   evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
Trond er ei legende i Hoggorm allerede og med det meinar eg både på og utanfor bana. Det blir også kjekt å få Steffen tilbake etter nokre års fråvær. Trur alle veit han ikkje er lett å hamle opp med om han har dagen. Så desse to kan avgjere ein del kampar for oss.

4. Kva skjer etter at ballen er lagt dø og lyset er slokt i Strandahallen?
Då blir det som oftast ein time eller to med syting og litt søvn. Så går vegen vidare med middag oppe med Kari-Mor, og deretter blir det allsong og øl..Så det berømte hotellet...

5. Avslutning.
   (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Eg vil gi litt ris til Thomas Lid Kleppe. Han veit sjølv kvifor. Vi gler oss som alltid, kos dykk i advent-juletida og så møtast vi til ei fartsfyllt helg på Stranda!:)

Mvh Andreas Johann Kurseth.