Generalforsamling 2012 på Oliven Restaurant - 22.10.2011

I 2012 prøver vi ein ny vri. Generalforsamlinga blir arrangert på Oliven Restaurant lørdag 7. januar kl. 20.00. Vi har alt i september sikra oss lokalet for lukka lag, og vi satsar på at stemninga blir minst like høg som på Møteplassen.

Etter åtte år på Møteplassen i Starnda sentrum, flyttar vi altså litt oppover i Storgata til Oliven Restaurant. Dette blant anna fordi det vil blir lettere å arrangere, spesielt med tanke på tilrettelegging og opprydning, og at menyen blir en del bedre enn det vi har hatt tidlegare. Vi kan velge mellom to alternativ. Enten "Dagens fisk i hvitvinssaus" eller "Grilla svin ytrefilet med BBQ-saus". Med begge rettane følger ovnstekte poteter og grønnsakswok. Sjå meny til høgre.

For å forenkle arrangementet har vi blitt enige med Oliven Restaurant om at vi har drikkebongar. Mer informasjon om dette kjem på fredagen før Generalforsamlinga.

I og med at det frå år 2012 berre er to lag i klubben, har vi opna for å ha med damer på Generalforsamlinga. Dei som vil ha med seg sitt følge, må gi ein lyd om dette. (Add på eventen hadde også vore fint). 

Ellers kjem programmet til å bli som før. I tillegg til middagen vil det bli talar, den årvisse prisutdelinga, konkurransar og diverse spontane innspel. Kven som skal vere årets programleiarpar er enno ikkje bestemt, men det er BFK Farmers sin tur til å hoste Generalforsamlinga. Dette vil bli klart i løpet av november 2011.

Har du forslag til programinnslag under Generalforsamlinga 2012, send ei melding eller ein mail til Torgeir - torgeirhoff@hotmail.com.

MELD DEG PÅ GENERALFORSAMLINGA PÅ EVENTEN HER.