Besøkstall for barliafk.com i 2010 - 15.01.2011

Nettavdelinga til Barlia Fotballklubb har utarbeidd ein oversikt over besøket på barliafk.com i 2010. Ikkje uventa er det store forskjellar på besøket i dei ulike månadane i året.

Alt i alt har det vore 2043 besøkande på barliafk.com i 2010, det er omtrent på normalen i forhold til tidlegare år. Det er roleg aktivitet i vår- og sommarhalvåret, mens tendensen er at alt i slutten av oktober begynner besøket å ta seg opp. Månedane før og etter Nattcup er dei best besøkte, dette har nok samanheng med blant anna BFKs Julekalender og generelt meir nyhendeproduksjon frå barliafk.com-redaksjonen.

Det skal nevnast at tala vert lest av den 15. i kvar månad, så andre halvdel av kvar månad høyrer til neste månad på diagrammet under. Det er mykje ein kan bruke fritida si på.