Økonomisk rapport - 05.01.2011

Barlia Fotballklubb sin økonomisjef Pål Sindre Frøysa kjem i desse dagar med sin økonomirapport for klubben. Her er eit utdrag:

Etter å ha gått gjennom den økonomiske situasjonen til klubben i lag med assistent Nerhus, kan det meldast frå Nidaros/Kristiania at dei uhorveleg store krava Lillestøl krev for å stille opp som programleiar i år, på ingen måte kan imøtekommast. Etter beintøffe forhandlingar derimot viser det seg at vestlandsekspressen Lillestøl likevel vil stille opp gratis. Stripping av H.M. Homlong var noko som vi måtte love bort til den andre sida av forhandlingsbordet for å få dette til! Derfor ser eg det som naudsynt at også i år stiller sjølvaste Pongen opp med nye sprell. Dette for å ofre seg for klubbens økonomi og at vi også i år kan ha to stk trivlege programleiarar.

Det skal dog nevnast at den økonomiske situasjonen enno ikkje er i balanse etter rotet økonomisjef Parr stelt i stand midt på 90-tallet. Truleg var han inspirert av jappetida på slutten av 80-tallet og den rådande ukulturen vi hadde i norsk fotball ei stund, som også i dag er under ein kvar kritikk.

Ser fram til nok ei fantastisk generalforsamling!

Pål Sindre Frøysa
Økonomisjef i Barlia Fotballklubb