Spelarar inn og ut frå Barlia Fotballklubb - 13.10.2010

Det nærmar seg stadig Nattcup 2011, og det skjer ting i dei ulike laga i Barlia Fotballklubb. Her kjem ein statusrapport.

For laget Barlia F.K. er det meste roleg. Dei fleste spelarane kan melde om gryande storform, og alle er klare for turneringa. Unntaka er Stian, som er usikker i forhold til studier og Alexander som klubben ikkje har klart å kome i kontakt med. Ved begge tilfeller håper vi at alt går i orden, så vi kan stille så sterkt som råd.

Hos BFK Farmers er det ein del endringar. Den historiske Bjørnar Aure, som scora mål nummer 1000 for Barlia Fotballklubb, legg fotballskoa på hylla, i alle fall når det gjeld innefotball. Bjørnar rauk korsbandet, og delvis leddbandet i fjor, og melder derfor om at han takkar for seg i Barlia. Erlend Langelo melder overgang til Langlo Legends. Barlia Fotballklubb takkar begge to for innsatsen og ønsker lykke til vidare.

Ny mann inn for Farmarane er Iver Ringstad Krohn. Forsvarsspelaren styrkar stallen, spesielt etter at laget mista Bjørnar og Erlend. Iver kjem mest sannsynleg til å aksle trøye nummer 27. Barlia Fotballklubb ønsker mannen frå Norddal velkommen i klubben.

I Barlia F.K. Babes er det også utskiftingar. Veteranen Stine Verpeide legg opp. Ho har vore med sidan starten i 2004 for jentene på Babes-laget, og ho står bokført med 8 mål for oransjetrøyene. Malin Mathiesen sluttar også for babesa, likt med Stine har Malin vore med sidan 2004. Barlia Fotballklubb takkar dei begge for sju fine år, og ønsker lykke til vidare. Inn på BFK Babes kjem keeper Rikke Relling og angripar Maria Berge. Berre spelte for Barlia i fjor, men vert først i år tatt opp i stallen som fast innventar. Velkommen!