Nattcup og generalforsamling 2010 - 15.12.2009

Nattcup vert arrangert for sekstande året på rad, og Barlia Fotballklubb stiller med alle sine fire lag til Nattcup 2010. Etter turneringa vert det også den tradisjonelle generalforsamlinga på Møteplassen i Stranda sentrum.

Tidlegare i månaden kunne barliafk.com presentere kven som er klar til å spele for dei ulike Barlia-laga. Kvar spelar som skal vere med må betale 100 kroner til konto 65601027784. Mer betalinga med namn. Les meir på dei ulike eventane på facebook:

>>>Trykk her for event for Barlia F.K.

>>>Trykk her for event for BFK Farmers.

>>>Trykk her for event for BFK Babes.

>>>Trykk her for event for BFK Bedrift.

Generalforsamling 2010
Det blir som vanleg generalforsamling i Barlia Fotballklubb på lørdagskvelden etter Nattcup 2010 klokka 20.00 på Møteplassen i Stranda sentrum. Program, middag, talar, prisutdelingar ved Torgeir og anna hører sjølvsagt med, og i morgon offentleggjerast programleiarparet for 2010-arrangementet her på barliafk.com. Dei to programleiarane har avlagt eit aldri så lite intervju.

På menyen i år skal Coop Prix Mega Handelslaget, Stranda levere kvalitets-moussaka. Matinnslaget er ein tradisjonell og svært god gresk rett med malt lammekjøtt og aubergine. Den tek, etter sigende, lang tid å lage, men det skal det visst vere verdt! Ler meir om moussaka her eller ikkje.

Når det gjeld betaling for mat og leige av lokalet, betalar kvar enkelt 100 kr i døra ved ankomst Møteplassen. Påmelding skjer på facebookeventen, og vi minner om at påmeldinga er bindande, dette grunna bestilling av middag. Les meir og meld deg på på facebook-eventen her.