Ingen julekalender frå Barlia Fotballklubb i 2009 - 01.12.2009

Det blir ingen julekalender fra Barlia Fotballklubb i år, dette blei klart i dag, då det ikkje dukka opp juleluke for 1. desember på www.barliafk.com.

-Det heile er svært beklagelig, seier heimesidemakar i Barlia Fotballklubb, Joakim Sørå, men vi vil komme sterkare tilbake i 2010. Spekulasjonane rundt julekalenderen har florert dei siste vekene, og kva som er grunnen til at det ikkje har dukka opp noko på nettet er uklart. Nokon hevdar eksamenslesing, andre skrivesperre og tekniske problem.

Nettredaksjonen i Barlia Fotballklubb vil likevel med ujamne mellomrom komme med nyhende før Nattcup 2010. Allereie no kan bloggen til Stilongs FK anbefalast som ein førjulssyssel: http://my.opera.com/StilongsFK/blog/