Barlia Fotballklubb sin pokal for årets toppscorar blir til - 24.01.2009

Under Barlia Fotballklubb sin 15 års jubileumsfest, fekk toppscorar for klubben i 2008, Erlend Langelo, ein glasspokal som det synlege beviset på tittelen. Lenger nede gir barliafk.com-redaksjonen deg blinkskudd frå korleis denne flotte pokalen blei til, og korleis det endelige resultatet blei.

Den heilt nye pokalen vart altså utdelt for første gong under 15 års markeringa til BFK, og meininga er at årets toppscorar i klubben skal ha denne til ny toppscoarar vert kåra. Alle toppscorarane, frå Ole Edvard "Maradona" Hagen i 1994 og fram til i dag, er gravert inn i pokalen.

Det er Rikke Edel Thunæs frå Edel-Glass i Bergen, som har laga den feiande flotte glasspokalen, les meir om henne på www.edel-glass.com. Under kan du sjå bilder frå korleis pokalen blei til. Det endelege produktet ser du til slutt.