Brødrene bråk i New York -
17.12.2008 Tidleg i dag tikka det inn eit bilde frå Statane, nærmare bestemt New York. Ein ikkje namngitt norsk turist frå sunnmørsregionen, har sendt barliafk.com-redaksjonen dette bildet. Motivet er ikkje å ta feil av! Brødrene bråk heng på ytterveggen på eit av New Yorks travlegaste varehus. ![]() Taus Sørå Også gardemeister Sørå held korta tett til brystet. -Den amerikanske marknaden har alltid vore interessant for Barlia Fotballklubb, seier Sørå, vi føler at klubben er eit norsk eksempel på the american dream, og ser det som naturleg å etablere oss i draumens heimland. Posterane i New York har i alle fall ikkje noko med 15 års jubileumet vårt å gjere, avsluttar Joakim Sørå. Det har ikkje lukkast redaksjonen og få Brynjulf Frøysa i snakk mellom all pizzakjøring og mørskrelling. |