Barliakalenderen 2009 - Årets julegåvetips! - 01.09.2008

 
Tidleg i vår diskuterte Henrik og Torgeir eit spenstig tiltak som både ville gi klingande mynt i klubbkassa, samt sørge for at merksemdstranga vår vart tilfredsstillt. Dette resulterte i at ein gjeng med tolv barske karar frå Barlia Fotballklubb i sommar var med på eit prosjekt med arbeidstittelen "Årskalender 2009 - Kremen av BFK".

Gjengen med karar har i løpet av eit par ettermiddagar vore samla i fotostudioet til Cecilie Dalen for å verte fotografert til det som vil bli ein veggkalender der kvar månad er pryda av lekamen til ein BFK-herremann i ein utfordrande, sensuell og, ja gjerne, dyrisk og pirrande positur. Minimalt med klede er nytta, utan at det på nokon måte har vorte vulgært. Ein vil heller nytte ord som kunstnarisk og eksperimentelt.

Kven vil vel ikkje sjå PK tolke januar, Espen som Mr. Juni eller ein Martin i oktoberstemning, som er nokre av godbitane? Denne 2009-kalenderen er eit must på alle veggar og ikkje minst ei perfekt julegåve, men ver snar - tingingspågangen har vore særs stor på det avgrensa opplaget.

Pris per stk: 299,-

Om du er interessert, noko ein person med god smak vil vere, meld deg inn i denne facebookgruppa og skriv inn talet på kalenderar du ønskjer å tinge på diskusjonsforumet under topic'en "Tinging av kalender". Inviter gjerne andre potensielle kjøparar til denne gruppa!

Om du helst vil tinge kalenderen på ein meir diskré måte, send ein mail til: torgeirhoff@hotmail.com, merk mailen med emnet "Kalender".

NB! VI GJER OPPMERKSAM PÅ AT TINGING AV KALENDER ER BINDANDE.

 

Nytta modellar i Barliakalenderen 2009:

Januar - Per Kristian Vågsæter
Februar - Knut Einar Langlo
Mars - Joakim Relling
April - Henrik Halvorsen Bjørdal
Mai - Brynjulf Fabio Frøysa
Juni - Espen Hove
Juli - Stian Ljøen Melchior
August - Rune Lillestøl
September - Torgeir Sæten Hoff
Oktober - Martin Gerhard Sylte
November - Håkon Mikal Dalen
Desember - Thor Olav Drege

  Til slutt vil Barlia Fotballklubb rette ein stor takk til fotograf Cecilie Dalen for eit framifrå stykke fotograferings- og redigeringsarbeid, samt evne til å overkome til dels sterke scener frå "photoshoot'en".

Les meir om Cecilies fotografering her.

PS: Ingen kom til skade under fotograferinga. I alle fall ikkje fysisk.

 
  Interessert i andre BFK-produkt?

Då kan du vitje Barlia Fotballklubb sin eigen webshop ved å trykke på logoen til høgre!


PS2: Lørdag 6. september 2008 pryda Barliakalendergjengen sistesida i lokalavisa Sunnmøringen. Les artikkelen her.