BFKs Påskebingo 2008 -
27.03.2008
På Påskeaftan, lørdag 22. mars, var det duka for påskebingo i
kjellaren hjå familien Sørå. Etter suksessen med julebingo, hadde Espen
og Bjørnar skrapa saman nye premiar som skulle få nye eigarar i løpet av
kvelden.
Bingoen starta i 20-tida med fullt hus og stormande jubel. Expert
Nordås i Bergen og Rimi i Volda var dei største sponsorane denne
kvelden. I tillegg må det nevnast at Stranda Hotell, nok ein gong,
sponsa hovudpremien som var ein middag for to (600 kroner) på Oliven
Restaurant på Stranda, ein middag som Jensemannen stakk av med.
Bingoen vart etterkvart prega av svært mykje folk, og når vi passerte 35
personar i kjellarstua, var det rett og slett ikkje plass til fleire!
Neste gong må vi nok ha eit større lokale, luktar det vår kjære
Møteplass?
Sjølv om det vart trangt var stemninga god, og før vi tok turen til
Stranda Hotell hadde vi fått inn 3750 kroner. Overskuddet går, som
julebingoen, til kjøp av nytt draktsett. Torgeir er alt godt i gang med
å forhandle fram ein god avtale med eit firma frå USA, så dette blir
spennade. Alt skal vere på plass til Nattcup 2009.
Takk til alle som hjalp til slik at bingoen gjekk knirkefritt - ingen
nevnt, ingen glemt :-)
|

Marita og Live klar for årets
påskebingo.

Kjellerstua fylles.

Martin med ein av kveldens permiar.

God stemning!

Bjørnar og Marita med ein av mange
permiar frå Expert Nordås i Bergen.
|