Økonomiavdelinga styrka - 10.01.2008

Økonomiavdelinga i Barlia Fotballklubb blei styrka frå 01.01.2008 med den tidlegare Barlia-spelaren Pål Sindre Frøysa (bildet til høgre) og den habile eidsdølen Sture Nerhus (bilde til venstre).

Etter forhandlingar i desember kom Barlia Fotballklubb fram til ein avtale med dei to om ei tre-årskontrakt. Pål Sindre trer inn i stillinga som økonomisjef, ei stilling som ikkje har vore satt sidan 1996, og Sture blir med som økonomiassistent.

-Det som først og fremst blir oppgåva i starten er å rydde opp etter den forrige økonomisjefen Kjell Tore Parr, seier Pål Sindre i ein kommentar. Kjell Tore var den som sist var økonomisjef i Barlia Fotballklubb, og dette var som sagt tilbake i 1996. -Det er berre å hive seg utfor og prøve å få så tidleg flyt som mogleg, hevdar Frøysaguten.

Med seg får Pål Sindre ein av Eidsdals store søner, og Sture meiner at det blir ei spennande utfordring å ta fatt på, spesielt med tanke på størrelsen på klubben. -Det er jo nesten 50 medlemmar i klubben, som sikkert stiller store krav til den økonomiske satsinga, det blir nok vanskeleg, men dette skal vi klare, avsluttar Nerhus.