Romjulscup med Barlia Fotballklubb + FC Walkover - 30.12.2007

I år som i fjor hadde Barlia Fotballklubb romjulscup i Strandahallen. Dette først og fremst for å spele litt fotball og for å møte gamle kjente igjen. Cupen gjekk av stabelen 5. juledag og i tillegg til dei fire Barlia-laga var også FC Walkover med. Shadwell var også invitert, men dei klarte ikkje å stille lag.

Det var meininga at vi skulle spele slik som i fjor, men grunna litt dårleg oppmøte på nokre av laga, måtte vi omrokkere litt på laga. Det vart likevel ei god gjennomkjøring for dei fleste. Under ser du resultata.
 
Knr. Lag Resultat
1 Bedrift - Farmers 1-8
2 Babes - FC Walkover 4-0
3 Barlia F.K. - Bedrift 8-1
4 Farmers - Babes 5-0
5 Barlia F.K. - FC Walkover 6-0
6 Babes - Bedrift 1-2
7 Farmers - Barlia F.K. 1-1
8 Bedrift - FC Walkover 4-3
9 Barlia F.K. - Babes 5-1
10 Farmers - FC Walkover 11-0

Gruppespeltabell

Nr Lag A.K. S U T Målf. P
1 Farmers 4 3 1 0 25-2 10
2 Barlia F.K. 4 3 1 0 20-3 10
3 Bedrift 4 2 0 2 8-20 6
4 Babes 4 1 0 3 6-12 3
5 FC Walkover 4 0 0 4 3-25 0

Finalar

Knr. Kamptype Lag Resultat
11 Bronsefinale Babes - Bedrift -
12 Finale Farmers - Barlia F.K. -

Grunna at vi var så få og diverse middagsselskap, så blei det ikkje spelt finalar, Farmers gjekk derfor av med seieren, etter å ha slått Barlia F.K. på målforskjell i gruppespelet.

PS: Under denne treninga var det filma til ei verdspremiere som vert lørdag 5. januar, altså på Generalforsamlinga, vi seier kun: gled deg!


Relling som keeper!


Martin tilbake på parketten.


Ein sliten Fjørståsvik.