Tilbake til julekalenderen





Klubbnamn:
Barlia F.K.

Frå:
Stranda

Stifta:
1994

Nettstad:
www.barliafk.com


 

   
   

17. desember

- Les meir om Nattcup 2008 på www.nattcup.net.
-
- L
es fleire artiklar frå barliafk.com her.
   
I dag har eg endeleg ordet sjølv, så på dei neste linjene skal eg få boltre meg fritt, i rein diktatorstil, om mitt kjære Barlia F.K.

1. Korleis er ståda i klubben om dagen?
   (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Vi er, som meir eller mindre kjent(??), 11 spelarar i troppen, men Barlia F.K. sin superreserve, Odd Sveinung, brukar alltid å få plass. I år er det Græsen som ikkje blir med på cupen, så lagets 11. mann blir med i år også. Plendalen skuldar på jobbing i sitt heimland Sverige, men rykta vil ha det til at snuskongen Hestvik ikkje får komme inn i gamlelandet igjen grunna diverse uoverensstemmelsa med tollvesenet.

Ellers er det berre fryd og gammen i ei så og seie skadefri spelargruppe Nokon har hatt nivåheving siste året, andre har det gått nedover med. Tenker her først og fremst på Torgeir og Relling. Torgeir har hatt eit fabelaktig år på fotballbana, ikkje berre er han toppscorar for publikumsyndlingane Camp Stranda Fotball, men han har også vore bunnsolid midtstoppar for storlaget Stilongs i Bergen. Torgeir, ved sida av mannen som ikkje treng trening (Brynjulf), er vårt hemmelege våpen foran Nattcup 2008. Verre er det med Rellingen. 14 tap 68 baklengsmål på 22 kampar er fasiten for Spjelkavik-forsvaret i 2007-sesongen, det spørs om den 11. mann kaprar Rellingen sin plass i førsteoppstillinga på Nattcup'08.

Lars Thore er tilbake frå USA, men tek ikkje av sjølv om vi skulle få en flying start. Søvikjin har spelt med Stranda sitt B-lag i år, og har, i følge pålitelege kjelder, hatt ei stigande formkurve.

Bjørnar: Ja, Sørå: Nei, Espen: Tja, Stian spring som f og Homlongen har ein tendens til å glømme av cupen i rein prestasjonsangst foran ein ny tale på Generalforsamlinga på laurdagskvelden. (Vil han levere igjen??)

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2008?
Som alltid er målet å gå til sluttspelet, der brukar vi å bli utslått med minst mogleg margin, så i år, etter eit ekstraordinært spelarmøte på den superhemmelege facebookgruppa vår, har vi komt fram til at lykka har snudd. Luktar det medaljar?

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana?),
   evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
På eit lag med så mange komplimentære ferdigheiter, både på og ikkje minst utafor bana, blir det vanskeleg å trekke fram nokon. Det blir nesten lettare å trekke fram årets skuffelse som kan bli Odd Sveinung. Rykta skal ha det til at Eidsdals store sønn har blitt ein roleg og snill kar etter han fekk seg dame. Den faste Takk-for-maten-talaren har med andre ord mykje å bevise for å halde oppe imageet.

4. Kva skjer etter at ballen er lagt dø og lyset er slokt i Strandahallen?
Som på så mange andre ting er Barlia Fotballklubb størst også på dette området. Generalforsamlinga er eit av årets høgdepunkt med middag, talar, show og anna sprell. Etter at vi har vunne festen på hotellet, blir det vel nachspiel hos Thoroen, og vi reknar med at Dalhaugen og Krogsethagen finn vegen dette året også :-)

5. Avslutning.
   (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Som verdsveven største, beste og mest besøkte Nattcup-side, vil vi ønske alle lesarar ei god jul, spesielt alle som bidreg til å fyre opp stemninga i vekene, for ikkje å sei månadane, før. Vi gler oss stort til å innkassere minst 19 nye friske maratontabellpoeng i den tradisjonsrike Nattcupen, apropos tradisjonar, kor har det blitt av dei tidlegare Nattcup-stjernene Bjarte og Bjørn Inge?