Tilbake til julekalenderen





Klubbnamn:
BFK Babes

Frå:
Stranda

Stifta:
2004

Nettstad:
www.barliafk.com


 

   
   

11. desember

- Les meir om Nattcup 2008 på www.nattcup.net.
-
- L
es fleire artiklar frå barliafk.com her.
   
I fjor var det BFK Babes som redda æra for Barlia Fotballklubb med sin andreplass i dameklassa. Sølvjentene har ikkje lagt på latsida siste året, så dette kan bli bra! Stålforsvarar Merete Hungnes orienterer.

1. Korleis er ståda i klubben om dagen?
   (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Når troll skal nemnast syns eg det er på sin stad å nemne frk. Monika Årdal, då ho som vi alle veit er eit lite troll på bana og ellers også. Ho, i tillegg til underteikna, bør også nemnast når det kjem til skader. Men fred og ingen fare då dette gjeld psykiske skader og begge to vil vere å sjå i aksjon på parketten. Andre som er i storform er proffane våre i Byåsen, nemlig Stine Verpeide og Kamilla Åsen, og vi rekna med at desse vil brillijere i kvar sin ende av Strandahallen i januar. Vidare vil eg ikkje uttale meg meir om form, farge anna enn at Babes-stallen vil bestå av dei samme gamle :)

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2008?
Etter braksuksessen i Nattcup 2007 hadde det vore dårlig Barlia-ånd å sette seg mål lavere enn kva vi presterte då! Så vi har plana om å gjere som i fjor: Ikkje tape finalen, men vinne 2. plassen:)

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana?),
   evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
Joker? Nei, det overlet vi til karane i Team Eckbo. På Barlia Babes er vi alle stjerner! Eg vil likevel nytte anledninga til å takke våre kjære støttespelarar og inspiratorar utanfor bana; sjefskoordinator Malin Andrea Ringdal Grøndahl og statistikkførar Hege Varsi, for innsatsen vi veit dei kjem til å gjere under cupen. Ingen av dei spelande Babesa ha funne vegen til bana hadde det ikkje vore for disse to!

4. Kva skjer etter at ballen er lagt dø og lyset er slokt i Strandahallen?
Øl (gjeld alle), vin (Verpeide og M. Hungnes), Amarula (Årdal), Bacardi (Åsen), cider/rusbrus (B. Hungnes, Aaland, Varsi, Løset og Berge) og sprit generelt med div. blandevatn helst (Hareide og Grøndahl)! Lenge leve Generalforsamlinga!!!

5. Avslutning.
   (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Håpar alle får ei framragande romjul, eit heilsprøtt nyttår, og ein fantastisk Nattcup! Vi sjåast der! Vi gler oss!

Hjartleg helsing Merete Hungnes, på vegne av Barlia FK Babes!