Ein av nykommarane i
fjor var
Fjellbu. Laget
vart slått ut i åttandedelsfinalen, og no fortel Sindre Dalhaug, ein
av mange Dalhaugar i Nattcup-samanheng, om ståda foran den
vanskelege andresesongen.
1. Korleis er ståda i klubben om dagen?
(skader? nokon som er i
troll-form? osb)
Vi manglar nokre i år: Sverre U. Fjørtoft
er langtidsskadd, Alexander Beadle har flytta til England samt at to
spelarar er uaktuelle pga Color Line Cup, men heldigvis har vi
Hazhin Hassan i "troll-form" så vi får berre krysse fingrane.
2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2008?
Vi håpar på å kunne underhalde med god og
teknisk fotball.
Oss spelar for å ha d gøy, så ser vi kor langt d rekk.
3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor
bana?),
evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
Kapteinen vår Martin Sundnes har som vane
å score nokre mål, så vi håpar han fortsett med dette, ellers blir
Hazhin vårt største bidrag underhaldningsmessig under Nattcup.
4. Kva skjer etter at ballen er lagt dø og lyset er slokt i Strandahallen?
Da reiser nokre av oss heim, medan vi
andre blir att på Stranda Hotell og drikk sportsdrikk ;)
5. Avslutning.
(rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt
anbefalte linkar osb)
Sundnes: Slå å gå å drible når du må. If
you're ever in doubt.. Don't kick it out. |