Tilbake til julekalenderen





Klubbnamn:
Barlia F.K. Bedrift

Frå:
Stranda

Stifta:
2005

Nettstad:
www.barliafk.com



 

   
   

6. desember

- Les meir om Nattcup 2008 på www.nattcup.net.
-
- L
es fleire artiklar frå barliafk.com her.
   
Publikumsfavorittane BFK Bedrift er i dag under lupen, og det er forsvarassjef og bandleder Nils Einar Ringstad som orienterer.

1. Korleis er ståda i klubben om dagen?
   (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Etter tapet av ein midtbanestrateg av internasjonal klasse, ein lovande tamburin-spelar og ein god kamerat er BFK Bedrift framleis litt handlingslamma, men stiller med friskt mot og sørgeband på nattcupen. Det ligg an til harde treningsøkter i romjula for å komme oss opp på eit akseptabelt dårlig nivå. Underteikna skal tilbringe nattcup-helga i Tyskland, og vil derfor fokusere på kåntringsanalyser og kosthold på romjulstreningane. Når det kjem til skader er som vanlig Bedrift skadefrie, mykje pga det lave aktivitetsnivået og nærmast fråværande kamperfaringa.

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2008?
Målsetjinga (ikkje visjon, verdivisjon eller verdidelmål) for nattcupen blir å få vår første seier, eller i det minste eit mål. Vi veit at denne målsetjingane kan verke noko ambisiøs sidan dei fleste kjenner til statistikkane våre.

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana?),
   evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
Den store jokeren i årets nattcup-turnering blir nok den nyinnkjøpte indreløperen Martin Dilbert Sylte som har glitra med sitt fråvær på fotballbana siste 15 år. Fotballguru Ronny Ødegård sei i ein kommentar: "Martin Sylte vert større enn Ole Magnar Kjølås nokon gong var!". Vi gler oss.

4. Kva skjer etter at ballen er lagt dø og lyset er slokt i Strandahallen?
Etter at vi er ute av innledande gruppespel sitt vi vel på tribuna og køyrer litt stand-up i benkeradene slik vi plar. Deretter blir vel festen på Møteplassen eit høgdepunkt, sjølv om Bedrifters mest sannsynlegvis ikkje stiller sidan vi har mista tamburinspelaren vår og kapellmeister Ringstad er i Tyskland.

5. Avslutning.
   (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Ønsker alle lykke til på Nattcupen og oppfordrar til fair play, dykk må huske at Bedrift ikkje har samme forutsetningar som alle andre for å få dette til. Så gi oss ein sjanse, slepp inn eit par baklengs slik at vi kan føle oss som menn etterpå. LYKKE TIL!