Tilbake til julekalenderen



Klubbnamn:
Panzer Fotball

Frå:
Stranda og omegn

Stifta:
2007


 

   
   

3. desember

- Les meir om Nattcup 2008 på www.nattcup.net.
-
- L
es fleire artiklar frå barliafk.com her.
   
Nykommarane Panzer Fotball er første herrelag ut i årets utgåve av BFKs julekalender. Sjølv om laget er nytt, har mange av spelarane vore på Nattcup-parketten tidlegare år. Martin Maråk orienterer.

1. Korleis er ståda i klubben om dagen?
   (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Panzer ser ut til å ligge godt an i den kronglete løypa inn mot Nattcup. Vi er vel per i dag sju friske og raske menn, inkludert store fotballnamn som Utgård, Skaar, Vinje, Espelund, Larsen Frøysa og sist men ikkje minst meg. Fleste har vel spelt trent i vinter: Utgård og Skaar i 7div, Jarl i 4div å eg i 5te. Er noken andre spennande namn på blokka til å fylle dei siste plassane.

Ein må vel strengt tatt trene litt for å skade seg, her satsar vi heller på å kvile oss i form. Unge Maråk toppa gulkortstatistikken i sin klubb i inneverande sesong, og det lovar jo bra.


2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2008?
Har vel eit håp om å snike oss videre frå gruppa, men då bør vi vel vere litt heldige med trekninga, er jo useeda. Ellers har vi tenkt å spele ein fotball som yt klubbnamnet rettferd. Hard og tøff! Dette passar vel aller best med tanke på spelarmaterialet.

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana?),
   evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
Jon Erlend Maraak Vinje er nok for mange ein ukjend entitet på bana. På festen etterpå veit alle at han leverar, men han kjem nok til å rakse over mange med sin eminente teknikk på små flater. Ellers brukar vel Martin Utgård like mykje armar som alltid og Luskelund har løpskraft som ein middels gnu.

4. Kva skjer etter at ballen er lagt dø og lyset er slokt i Strandahallen?
Då druknar vi nok våre vonbrotne fotballhjarte med nokre edle dråpar og bygg opp ambisjonar og tru på neste år.

5. Avslutning.
   (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Hareide lukkar jo dødballtreninga, det gjer ikkje vi. Denne varianten blir nok å sjå på defansiv dødball i Strandahallen i januar, sjå, nyt og lær:
http://www.youtube.com/watch?v=_Dc3Jxib1cc

Anna enn det kjem vel kanskje www.panzerfotball.com opp i løpet av dei kommande månadane.