Vegen til sølvet - ein saga frå Hege - 14.01.2007

BFK Babes redda æra til Barlia Fotballklubb under Nattcup 2007 med den finfine andreplassen. Hege Varsi var skada og kunne ikkje ta del på bana, så ho fungerte som manager for laget gjennom heile turneringa. Ho holdt styr på sigersmarsjen, og noterte flittig både før, under og etter kampane. Denne sagaen om vegen til sølvet er basert på desse notatane.

Kamp 1
Første innledande kamp var mot Team Taskedyr. Brattvåglaget kom på andreplass i 2006, og er BFK Babes sin erkerival. Klokka nærma seg 21.30 (kampstart), og dei heiltente Babesa var klar for å revansjere 1-2-tapet frå i fjor. Hege kunne rapportere om at kaptein Stine tok ansvar og gav Babesa leiinga tidleg, men dyra frå Haram kom tilbake og utligna til 1-1 ei stund etterpå. Maskot MINI gjor ein heroisk innsats på sidelinja, og den framtredande maskoten inspirerte jentene til å ta fram kjempekreftene. Karina varta opp med superredningar i mål frå første kamp av, og når Kamilla fiksar biffen i angrep, endar det heile med 2-1-siger til Barlia F.K. Babes.

Etter kampen imponerer Andrea med ein serie uttøying som går via spagaten og endar i med ein aldri så liten høneblund.


Kamp 2
Den andre kampen starta 01.28. Motstandar denne gongen var La Dolce Vita. Karina fortsatt der ho slapp forrige kamp, og bli reddande engel igjen! Hege oppfattar misnøye med dommaren blant jentene - Dommeren er jo helt på trynet!! Ting blir ikkje bedre når Andrea får eit ublidt møte med ein av Strandahallens ribbeveggar, muleg skade på dåverande tidspunkt, det ser nemleg ganske alvorleg ut! Også Meta er uheldig, og ser ut til å skade seg etter ein merkeleg afrikansk dans (??) Men når fløyta går står det 1-0 til Barlia, dette takka vere toppscoarar Tonje som sett inn kampens einaste mål. Meta for bonuspoeng for dansen sin etter kampen. Både ho og Andrea er på beina igjen, og er ved fin form ved kampslutt.

Kamp 3
I den tredje og siste gruppespelkampen møtte Barlia F.K. Babes laget Pumaqueens. Denne kampen vart spelt kl 8 på lørdagsmorgonen, men manager Hege var ikkje til stede, og la seg flat for all kritikk. - Dette er katastrofalt, jeg gir meg selv 10 minuspoeng! Men babesa klarte seg fint. Anført av kaptein Verpeide vann jentene 2-1 etter scoringar av Tonje og Kamilla.

Kamp 4 - Semifinale
Tre strake sigarar gjor til at BFK Babes vart puljevinnarar, noko som førte til semifinale mot Åndalsneslaget Smack That. Klokka hadde no passert 14.00, og tribunene i Strandahallen hadde begynt å fylle seg opp igjen. Barlia-hjørnet mobiliserte til kamp, og jentene hadde varma opp lenge til denne kampen. Stemninga og spenninga var alt ganske høg, Smack That hadde diverse mistanka mot dei edle jentene frå Barlia. Et fotballskopar var borte vekk, sånt blir det bråk av! :-) Men Babesa hang seg ikkje på "mediascoopet" til Åndalsnesjentene, og hadde full fokus på semien. Kunne Merete sin afrikanske dans føre til siger?

Det vart ein god kamp der Barlia gjekk, som vanlig, opp i 1-0, men 1-1 kom ikkje lenge etter. Ein forsvarar, Stine, hadde scora første målet, og det var også ein bakspelar som ga Babes leiinga igjen, då Andrea putta til 2-1. Folka i Barlia-hjørnet var no verkeleg med å heie jentene fram til finale, og finale blei det når Kamilla satte inn 3-1. Det hører med til soga at Anna Lina redda på streken, og at Kamilla smelte eit skudd i stolpen. Bra spel i begge endar av bana hadde gjort til at Barlia no skulle kjempe om gullet mot regjerande Nattcupmester Spenstige Lår.

Kamp 5 - Finale
Finalen mot "Strandalaget" Spenstige Lår var svært spennande. Taktikken til Babes var klar på førehand: -Fort som faen! Ei smånervørs Hegemor begynte å kjenne både mageknip og forkjølelese, var det eit teikn? Neida, med ein liten matbit og nokre tankar om kveldens Generalforsamling - årets fest, var sjukdomstankane alt sendt på dør. Sølv er uansett kjempebra, men gull er best!

Under oppvarminga var alle jentene på tå hev, Barlia-hjørne kokte, og ramma rundt finalen var så bra den kunne bli. I mål varta Karina opp med sitt storspel igjen, eit spel som etter finalen førte til utmerkinga "Årets spelar". Barlia Fotballklubb gratulerer! Kamilla, som også hadde ei god turnering, var tidleg i kampen nær scoring, men det var dei spenstige låra som opna målkontoen først. Det var likevel kamp, og den levande veggen bakerst hos Babes gjorde sitt til at det ikkje stod 2-0. Alle Barlia F.K. Babes-spelarane kjempa heroisk, og etter at Anna Lina hadde vore nær å utligne, sendte Stine i veg eit knallskudd som vart eit av Nattcup 2007s flottaste mål. 1-1!

Det var liv på tribuna, og kampen vippa. Dei før så overlegne låra var no overkommelege, men dei gamle er elst og ikkje lenge før slutt fekk Gunnhild Digernes inn eit skudd via stolpen. Spenstige Lår vann dermed 2-1.


Sølv til Barlia Fotballklubb Babes! Noko alle var kjempefornøgd med! Andreplassen på maratontabellen er herved inntatt, og vi gleda oss til neste år :-)