
FC Walkover.

PK klar for å slå ein corner.

Barlia F.K. - vinnar av turneringa.
|
Det vart ei innhaldsrik turnering, og dei ulike laga fekk mange svar. Vi
må først takke FC Walkover for at dei ville stille opp på cupen på kort
varsel, og sjølv om motstanden ikkje var så bra, gav dei god
underholdning. Her kan spesielt besøk av politiet nevnast, og at to av
FCW-spelarane vart lagt i jern :-)
Den største prestasjonen stod nok BFK Bedrift for. Dei slo FC Walkover
2-1, og har dermed innkassert sin første seier. Sjølv om kampen var
uoffisiell, og måla ikkje tel på statistikken, jubla BFK
Bedrift-spelarane hemningslaust etter at turneringas dommar, Kato
Vangen, hadde gitt sluttsignalet. - Dette resultatet vil nok gi
sjokkbølger over heile Sunnmøre, seier Nils Einar Ringstad, talsmann for
Bedrift-gjengen. Det er god stemning i BFK Bedrift om dagen, ting skjer
også utanfor fotballbana. Det nyoppstarta bandet "The Bedrifters" ligg i
hardtrening med mykje øving fram mot Generalforsamling 2007. - Dette
blir stort, seier PK i ein kjapp kommentar på MSN.
BFK Babes fekk også måle musklar i romjulsturneringa vår. Sjølv om dei
hadde mange spelarar ute, og mangla keeper, kom dei seg til
bronsefinalen der dei slo BFK Bedrift. Riktignok var jentene forsterka
med tidlegare toppspelar Petter Melchior, men likevel er tredjeplassen
ei god plassering.
I finalen møttes Barlia F.K. og BFK Farmers. Etter at begge lag hadde 10
poeng i gruppespelet, 1-1 i innbyrdes oppgjør, og lik målforskjell, blei
vinnaren av gruppa kåra på mest scora mål. Barlia F.K. hadde 18-1, medan
Farmers hadde 19-2. Det vart altså klart for finale mellom dei to antatt
beste Barlia-laga. Finalen vart ein velspelt kamp, der Farmers spelte
best fotball. Barlia F.K. tok ei tidleg 1-0-leiing, men Farmers tok grep
og utligna raskt etterpå. Det skal seiast at BFK Farmers ikkje hadde sin
faste keeper, men det såg ikkje ut til å hemme laget, for midtveis i
kampen stod det 3-1 til Farmarane. Då vakna Barlia F.K., og noko som
ligna på litt rutine, viste seg i dei rustne kroppane til Barlia
F.K.-spelarane. Det enklaste er ofte det beste heiter det, og Barlia
F.K.-gjengen begynte å spele ballen meir klokt, dette førte til 3-2 og
3-3. Og når det var igjen 30 sekund, bygde elstekarane i Barlia opp
dagens siste angrep, som vart avslutta av Bjørnar Nupen i siste sekund -
4-3 til Barlia F.K.
Resultat
- Kampane var 9 minutt lange.
- 3'er og 4'er i gruppespelet gjekk til bronsefinale.
- 1'er og 2'er i gruppespelet gjekk til finale.
Kampnr. |
Lag |
Resultat |
1 |
Bedrift - Farmers |
0-7 |
2 |
Babes - FC Walkover |
3-1 |
3 |
Barlia F.K. -
Bedrift |
5-0 |
4 |
Farmers - Babes |
5-0 |
5 |
Barlia F.K. - FC
Walkover |
8-0 |
6 |
Babes - Bedrift |
3-1 |
7 |
Farmers - Barlia F.K. |
1-1 |
8 |
Bedrift - FC
Walkover |
2-1 |
9 |
Barlia F.K. - Babes |
4-0 |
10 |
Farmers - FC
Walkover |
6-1 |
Gruppespeltabell
Nr |
Lag |
A.K. |
S |
U |
T |
Målf. |
P |
1 |
Farmers |
4 |
3 |
1 |
0 |
19-2 |
10 |
2 |
Barlia F.K.
|
4 |
3 |
1 |
0 |
18-1 |
10 |
3 |
Babes |
4 |
2 |
0 |
2 |
6-11 |
6 |
4 |
Bedrift |
4 |
1 |
0 |
3 |
3-16 |
3 |
5 |
FC Walkover |
4 |
0 |
0 |
4 |
3-19 |
0 |
Finalar
Kampnr. |
Kamptype |
Lag |
Resultat |
11 |
Bronsefinale |
Babes - Bedrift |
3-1 |
12 |
Finale |
Farmers - Barlia F.K. |
3-4 |
|