BFK presenterer programleiarane for Generalforsamling 2007 - 10.12.2006

Det å lose Barlia-folket gjennom ei generalforsamling er ikkje noko kven som helst kan gjere. Solide folk har tatt på seg oppgåva tidlegare, og i fjor var det Bjørnar og Torgeir som leia programmet med bravur. Til 2007-versjonen av generalforsamlinga er det dei verdsvante supersjarmørane Nils Einar og Jens Fredrik som har tatt på seg det ærefulle oppdraget. Nils Einar har stilt opp til eit aldri så lite intervju no i førjulstida. I mellom julegåveshopping, julekakelaging, julekortproduksjon og anna jobbing har Nils tatt seg tid til å svare på nokre spørsmål.

Kva følte du når du og Jens fekk tilbudet om å lede Generalforsamling 2007?
Då Barlia F.K. såg dagens lys oktober 1994 vart Jensen og eg ekskludert frå Barlia-miljøet og vart tvinga til å spele på eit anna lag om det skulle verte spel i den gjevaste ligaen på Stranda den tida (Stranda Ligaen). Løysinga vart Langlo F.K., ein klubb basert på stjernetrenar og manager Nils Erik Espelund sin breie kompetanse innan fotball og fysisk fostring. No skal vel ikkje eg påberope meg altfor masse ansvar for den ubetinga suksessen Langlo F.K. hadde på fotballbana, men møtte opp på samtlige fineverstreninga dei dagane det passa. Uten ei mine jogga eg opp til postkassene og ned igjen. 45 meter var eit stykke å jogge på den tida. Barlia F.K. var vel likevel den klubben som hadde det beste managementet og opplegget. Kjell Tore Parr figurerte som økonomiansvarlig og fungerande assisterande trenar, før Lars Thore Søvik tok over denne jobben etter interne underslag frå unge Parr. Joakim Sørå styrte alle i den retninga han ville og fekk det derfor som han ville. Det var med blanda kjensler, både begjær og frykt eg sakte vart trukke til Barlia F.K. uten at manager Sørå fekk opp augene for mine talent. Eit lite opphald i Boring United vart det før eg la fotballskoa på hylla. Det var derfor med større begjær og mindre frykt eg i 2005 vart henta opp i stallen til nysatsinga Barlia F.K. Bedrift som skulle vere ei publikumslag med fokus på show, humor og taklingar i hoftenivå. Med stor respekt avslo eg forslaget om at eg skulle vere konferansier for den årlege generalforsamlinga. Eg følte meg uverdig for oppgåva, med alt ansvar og stolte tradisjonar dette medfører. Men etter å ha samla tankane og med sterk oppmunting frå smalltalker Sørå takka eg ja, men på betingelse at min makker og eks-samboer Jens Mambo Langlo også takka ja. Etter telefonsamtale med ei tungt berusa Jeffy D vart det opplest og avgjort. Vi skulle vere konferansier på generalforsamlinga! Det var nesten for godt til å vere sant. Det har endeleg sunke inn og vi er klar til å tak på program og moro, smiler Nils medan han skreller seg ein oransje Barlia-mandarin.

Korleis trur du kvelden som programleiar vil arte seg? Blir det eit bra samarbeid mellom deg og Jens?
Som nevnt er oppgåva nokså fersk for oss. Programpostane er endå ikkje avklart, og skal vere det fram til festdagen, men litt jensedansing, turn på bedriftsnivå og fjasing må det bli plass til i tillegg til det vi vert pålagt frå der Führer. Vi to konferansierane har ei lang og turbulent historie bak oss, med krigersk naboskap, granski-klubb, avbrutte samboerskap og kappkjøring på trehjulssykkel. Eg trur likevel vi kan legge dette bak oss og sameinast rundt det vi kan best, fjasing og gjøgleri. Jens er god gift og vil derfor ikkje ta rolla som bajas og supersjarmør, dykk damer kan derfor henvende dykk til meg direkte uten å gå veien om Jeffy D. Dette for å spare tid og nye brutte samboerskap i Langlo-heimen. Dette til orientering, seier Nils Einar og byrjar på Barlia-mandarin nummer to.

Blir det stripping?
Stripping? Vi har vel ikkje lagt dette inn i programmet direkte, men som eit ledd i oppvarminga til samlinga ligg inntak av uante mengder alkohol for å få vettet ned og motet opp, noko som kan kulminere i stripping litt seinare på kvelden. Igjen damer, ta direkte kontakt med meg, humrar Myrstad-Nils og opnar posen med dei oransje Barlia-nonstopane.

Vil BFK Bedrift (laget Nils og Jens spelar for, red. anm.) sine prestasjonar på Nattcup`07 påvirke dykkar opptreden som programleiarar?
Vi er profesjonelle folk som ikkje let personlege prestasjonar og dagsform gi utslag i feiringa. Men skulle det eksepsjonelle skje, om vi skulle score eit mål i riktig mål, ja så vil nok dette lyse gjennom vårt ellers så profesjonelle ytre, hevdar Nilsey og tek seg ein oransje Barlia-nonstop.

I og med at det er ei stor oppgåve dykk står overfor, korleis vil jula bli for deg? Blir det kun førebuingar?
Jula er ei tid for ettertanke, nestekjærleik, bilkøyring, geite-skjending, god mat, gode venner og skikøyring. Dette vil nok i år igjen fylle jula med inntrykk og minner til randen og vil bli hovudinnhaldet i romjula, men oppdraget vil nok gi utslag etter nyttårsaftan og framkalle søvnløse netter, spekulering og kaldsvetting. Veka fram mot generalforsamlinga vert fylt med arbeid i Bergen, uten at det vert gjort mykje nyttig i den samanheng. Det meste av tida vil gå til tenking og neglebiting fram til samlinga. Vi får berre håpe vi kjem ut med eit program verdig BFK-gjengen. Von Dess.

Vi takkar Nils Einar for eit triveleg intervju, og ønsker lykke til både med julefeiring og programleiar-førebuingar.