Tilbake til julekalenderen

 

-
Barlia Fotballklubbs julekalender 2006
-
21. desember
-

 
         



Klubbnamn:
Lacaos

Frå:
Stranda

Stifta:
2004



  Det er 3 dagar til julaftan, og kanskje endå viktigare, det er 2 dagar til trekning av Nattcup-puljene + Maco-kos. Og kva passa vel betre enn å sjå på eit Stranda-lag i dagens luke. Her er info frå Lacaos.

1. Korleis er ståda i klubben om dagen? (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Ståda er bra. Lacaos stiller opp i Sunnmørshallen lørdag 16.12 på CCC. Dette blir ei fin anledning til å prøve ut ting og tang, og for å sjekke ut forma til enkelte av spelarane.

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2007?
Målsetjinga må vere å komme lenger en vi gjorde i fjor. Spele enda betre og kanskje begynne å tenke på å ta opp konkurransen med Prim og Los.

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana??), evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
Uten tvil Endre utanfor banen, men på bana er det mange som held bra nivå. Asgeir Årseth og ein ny keeper som vi velg i kjent Lacaos stil å halde hemmeligt. Vi har også ein stjernespiller til på lur;)

4. Kva skjer etter at ballen er lagt i ballburet og lyset er slokt i Strandahallen?
Da er vi vel med Kai Langdal og drikk oss opp til kvelden!

5. Avsluttning. (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Kan no gå inn på Kappa Nova si side å sjekke ut det lekre bilde av Endre F.:) Snakkes på Nattcup folkens:)