Tilbake til julekalenderen

 

-
Barlia Fotballklubbs julekalender 2006
-
15. desember
-

 
         



Klubbnamn:
Barlia F.K.

Frå:
Stranda

Stifta:
1994

Nettstad:
www.barliafk.com



  I dag presenterer julekalenderen Nattcup 2007s eldste lag, nemleg oss sjølv. Barlia F.K. er det av Barlia-laga som har flest maratontabellpoeng med ein 9. plass (108poeng), og vi har eit heilt klart mål om å forsvare maratontabellplassen i 2007.

1. Korleis er ståda i klubben om dagen? (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Stemninga er god, og vi gler oss til å komme tilbake på Stranda å treffe på nye og gamle kjente. Det er mykje som skjer i klubben for tida. Først og fremst har vi slått saman restane av Barlia F.K. og FK Barlia, dette har ført til at Barlia Fotballklubb har gått frå 5 lag til 4 lag totalt. Grunnen til samanslåinga var at liabygderane i klubben bestemte seg for å gjennoppstarte Team Libya. Etter opptil 7 år i BFK vil vi takke for dei fine åra, og ønsker lykke til med laget frå feil side av fjorden.

Ellers blir det BFK-treningar i romjula, samt ein tur på Coca Cola Cup i Sunnmørshallen 30.12., vi reise til jugendbyen saman med BFK Farmers. Blir sannsynlegvis middag og fest hos PK i Ålesund etter cupen, det blir knall!

Alex ringte frå Melkøya her om dagen, og han kunne fortelle at forma var, for å sitere Bjarte, jævlig midt på treet. Homlong, Relling, Bjørnar og cupgeneral Espen er vel dei som er mest aktive av oss, og vi ventar oss mest av dei. Brynjulf, Torgeir og eg (Joakim) dreg nok nivået meir ned etter at vi nesten ikkje har nærma oss ei fotballbane siste året. Dette har Torgeir retta på i den seinare tid, og spelar for tida på Stilongs IL (eit Bergenslag langt nede i divisjonane). Lars Thore blir ikkje med i år heller iom at han er i USA, og Odd Sveinung kan rapportere om stigande troll-form etter hardtrening i sjøkrigsskulens treningsrom og hinderløyper. Vår kriger nummer 1, Stian, kan melde om at han slit med den evige kneskaden sin, og dette har ført til at fotballskoa eigentleg ligg på hylla, men han er fit for fight til vinterens vakraste eventyr.

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2007?
Det er som vanleg å gå vidare frå gruppespelt. I og med at vi er eit litt "nytt" lag i år, så veit vi ikkje heilt kva vi kan vente oss av oss sjølve. Alltid kjekt å møte dei laga som har vore med på Nattcup fleire gongar, og det er lenge sia vi har spelt mot Prim.

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana??), evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
På bana blir det vår superreserve Odd Sveinung som blir jokeren. Etter å ha ladda opp på Lyderhorn og i sjøkrigsskule-området på Laksevåg i fleire månader, kjem nok Odd til å slå dei fleste i løpsduellar. Utanfor bana får han hjelp av frisparkekspert Homlong, men det spørs om Hans Martin klarer å følge opp dei fantastiske talane han har hatt på generalforsamlingane dei to siste åra, rykta sei at han kanskje ikkje tør å møte opp på Generalforsamling 2007 :-)

4. Kva skjer etter at ballen er lagt i ballburet og lyset er slokt i Strandahallen?
Då blir det som kjent Generalforsamling i Barlia Fotballklubb, og deretter tur til Stranda sentrums vasshol nr. 1 - Stranda Hotell. Begge tinga er legendariske, og treng ingen nærmare presentasjon.

5. Avsluttning. (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Vil først rose folka bak Nattcup, det ser ut til å bli eit kanonarrangement i 2007 også. Og så sender vi ei helsing til alle dei laga som møter opp på Stranda første helga i januar kvart år, det er dokke som gjer at ramma rundt cupen blir ekstra spesiell og bra. Vi håper også å få møte Team Libya, vi har jo slått dei før, og gjer det gjerne igjen!

Ønsker alle som har noko med Nattcup å gjere, alle lesarar av barliafk.com og alle andre ei god jul, mange av oss sjåast nok allereie under trekninga av Nattcup'07 på klubbhuset på Stranda 23. desember.