Tilbake til julekalenderen

 

-
Barlia Fotballklubbs julekalender 2006
-
13. desember
-

 
         



Aktuelt:
Nattcup 2007

Frå:
Stranda

Stifta:
1995

Linkar:
www.nattcup.net

Nattcups forum

Maratontabellen

Nattcups hovudsponsor




 

  Eit av årets høgdepunkt på Stranda er Nattcup. Første helga i januar rullar fotballen heile natta frå fredag til laurdag. Cupen starta opp i 1995, den gongen med 12 lag. Seinare har berre cupen blitt større og større, og til Nattcup 2007 er det plass til 40 lag. Her har du litt info om trettenåringen Nattcup, som vi alle har vorte så glad i.



Info frå Nattcup si eiga heimeside:
Den 13. Nattcup'en vert avvikla helga 5.-6 januar. Dette går føre seg i den vakre bygda Stranda, på Sunnmøre. Som vanleg vert dei fleste av dei 500 sitjeplassane i Strandahallen okkupert. Stemninga er oftast høg, både for amatørar og proffar. Nattcup kostar kr 1000,- pr lag, nedre aldersgrense er 16 år.

Finn Stranda på kartet

Strandahallen har parkett, garderober og kiosk, og er sentralt plassert på Stranda. Utanfor hallen er det rikeleg med parkeringsplassar. Gjengen som arrangerer Nattcup legg ned mykje gratisarbeid, og vonar vi får mange lag med. Med Strandafotball i ryggen er dette eit solid arrangement, som det er mykje prestisje i å vinne. For det laget som vinn, ventar det dessutan ein gild premie.

Cupen startar tidleg fredag kveld, og laga spelar innleiande gruppespel heile natta (so lenge det er nok påmelde lag). Ut på laurdagen vert det sluttspel, og vanlegvis har ein kåra ein vinnar i 16-tida. Chippen-konkurransar dukkar også opp, med flotte premiar. Dersom vi får inn nok kvinnelag, vil vi ha eigen klasse for desse. Vi veit det er mange gode jentelag der ute, og oppfordrar difor alle desse til å stille! Lag som har jenter med, vil uansett ha fordelar, les meir om dette på
reglar.

For dei som ynskjer overnatting, kan ein t.d. nytte Stranda Hotell. Sjå
framsida for informasjon om sjølve overnattinga. Har du spørsmål om overnatting, send ein e-post til Espen Hove, espen@nattcup.net eller telefonnummer 97 08 49 83. Laurdag kveld må sjølvsagt både vinnarar og taparar feirast, dette skjer på det lokale diskoteket på Stranda Hotell.

Har du spørsmål om arrangementet, kan du sende ein e-post til post@nattcup.net eller ringe 99 74 88 68.

Spørsmål og anna som gjeld www.nattcup.net, kan rettast til webmaster@nattcup.net.