Tilbake til julekalenderen

 

-
Barlia Fotballklubbs julekalender 2006
-
7. desember
-

 
         



Klubbnamn:
Barlia F.K. Bedrift

Frå:
Stranda

Stifta:
2005

Nettstad:
www.barliafk.com



  Lagpresentasjonen i dag er frå våre eigne rekker. Barlia F.K. Bedrift har på kort tid blitt eit publikumslag i Tufte-klassa, med lite samspel, fråvær av ballkontroll og ein stor posjon sjarm. Talsmann for BFK Bedrift er Claus "Storhønnjskøs" Rødset.

1. Korleis er ståda i klubben om dagen? (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Ståda i klubben er omtrent som vanlig. Karane er fortsatt i kvilemodus og ladar opp til panikktrening i romjula med pils og kebab. I løpet av to-tre treningar håper vi å ha oppnådd en viss form for ballkontroll, evne til å ikkje springe ned medspelarar og muligens treffe en og anna ball med skallen. Nils Eduardo Ringstad viste derimot strålande takter då han var utleigd til Camp Stranda Fotball i haust og var nær ved å faktisk score i rett mål!! I motsatt ende av skalaen befinn dessverre vår meir eller mindre eminente spiss, TO Drege seg. Mannen nærmar seg F-cup og ein diett beståande av Stratos og Cola taler vel for at han heller ikkje i år kjem til å bli med tilbake i forsvar. Sweeper Ole Petter Sve har hatt eit lengre skadeavbrekk pga liktorn og lakselus, men vi reknar med å ha han tilbake for.. øh.. fullt til nattcup. Alt i alt beror som vanlig det meste på keeper Henrik om kor mange baklengs det blir i år.

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2007?
Det er i år igjen å score et mål. Vi har snakka om å heve målsettinga til ein uavgjort-kamp, men kom fram til at det blir vel mykje.

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana??), evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
På bana trur eg Nils Eddie Ringstad kan bli den store jokeren om ikkje Jens "jordskifte" Langlo kan riste av seg ryktet som verdas mest inneffektive spiss. Utanfor bana blir det Thoro. Den e ialfall bankers.

4. Kva skjer etter at ballen er lagt i ballburet og lyset er slokt i Strandahallen?
Når lyset sløkke i hallen har nok vi vore fulle ei go stund, sidan turneringa mest truleg er over for vår del før finalane. Men når dei andre e ferdige e det rett bort til ho Margot på generalforsamling!

5. Avsluttning. (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Vil ønske alle god jul og ta med dokke www.string-emil.de på vegen. høhø