Tilbake til julekalenderen

 

-
Barlia Fotballklubbs julekalender 2006
-
3. desember
-

 
         



Klubbnamn:
Systembolaget

Frå:
Ørsta

Stifta:
2004

Nettstad:
www.til-topps.com



  I dag ser BFKs julekalender nærmare på Systembolaget. Gutane frå Ørsta spelte sin første Nattcup i fjor, og rauk ut etter kvartfinale-tapet mot Prim. Då hadde dei alt snudd 0-2- til 3-2-siger mot Barlia F.K. i åttandedelsfinalen. Det er keeper Oliver Ingvarsson som svarar på dei fem spørsmåla julekalender har stilt.

1. Korleis er ståda i klubben om dagen? (skader? nokon som er i troll-form? osb)
Ståda er sikkert nokså bra, no skal ikkje ej påstå altfor mykje sidan ej sitte i et anna land no og er ikkje altfor oppdatert. Men he hørt rykte om at et par av spelarane våra he vore skada, men dei blir bra igjen til Nattcup satsa vi på. Forrige Nattcup var ingen sportslig suksess og det har ledelsen i klubben gjort noke med, he henta inn to forsterkninga. Gler oss til å sjå dei på parketten!

2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2007?
Vi er med mest for å ha det gøy, men he alltid ambisjona om å gjer det bra også. Så det blir vel å gjer det bedre enn i fjor!

3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana??), evt. joker, på laget dykkar under Nattcup?
Ej tippa at profilen vår i år blir Robert Steinnes, han hadde en veldig bra utesesong og rykta sei at klubba i Bergen drive å følge han nøye. Ellers er der sterke kandidata som Kai H. Leira, Helge Edinsen og Sigurd Nybø. Utafor bana blir det sterk konkurranse mellom Sigurd Nybø og manageren vår om å gjer det "best" på festen etterpå :)

4. Kva skjer etter at ballen er lagt i ballburet og lyset er slokt i Strandahallen?
Ej trur alle spelarane skal bli igjen og delta på festen, so det blir vel å ta fram øla og kose sej ihjel på hotellet.. Systembolaget kjem nok ikkje til å delta på fleire turneringa i 2007 sidan spelarane er spredt utover heile verda, vi kjem berre sammen i jula..

5. Avsluttning. (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)
Må få rose dåkke i Barlia FK for ei herlig heimeside og innsatsen rundt Nattcup. Nattcup ville nok ikkje vore den samme uten dåkke(?). Vi gleda oss til å komme til Stranda igjen!
Ellers er det berre å besøke nettsida våra, www.systembolaget-fc.blogspot.com viss dåkke er interessert i å vite meir om laget.