Tilbake til julekalenderen

 

-
Barlia Fotballklubbs julekalender 2006
-
1. desember
-

 
         

 

  Velkommen til årets versjon av Barlia Fotballklubb sin julekalender. 2006-utgaven er ein del utvida og forandra frå fjorårets kalender, men mykje er likt også. Julekalenderen har fått eit herleg og utformingsmessig alternativt juletre med "julefargen" oransje som skriftfarge. Vi håper du vil like denne fantastiske sammensetninga.

Først og fremst julekalenderen ein "pulsmålar" fram til årets store happening på Stranda - Nattcup. Kvart år vert cupen arrangert i Strandahallen første helga i januar, og 2007-versjonen av turneringa ser ut til å bli ein like stor suksess som i 2006. Les meir om Nattcup på nettsida deira www.nattcup.net.

Kvar dag vert ei ny julekalenderluke lagt ut på nettet, det kan nok vere forskjellige ting som dukka opp, så Barlia Fotballklubb kan ikkje kvalitetsikre innhaldet :-) Håpet er likevel at du i løpet av dei 24 lukene skal ha dradd på smilebandet minst ein gong, og hatt ei god lesestund på barliafk.com.

Som sagt skal kalenderen være ein "pulsmålar" på Nattcup-laga, og første lag-presentasjon kjem alt i morgon. Spørsmåla, dei ulike laga har fått, er dei samme som i fjor:

          1. Korleis er ståda i klubben om dagen? (skader? nokon som er i troll-form? osb)
          2. Kva er målsettinga dykkar for Nattcup 2007?
          3. Kven kjem til å være den framtredande spelaren (på eller utanfor bana??), evt. joker, på
              laget dykkar under Nattcup?
          4. Kva skjer etter at ballen er lagt i ballburet og lyset er slokt i Strandahallen?
          5. Avsluttning. (rask kommentar? julehelsing? truslar? ris? ros? evt anbefalte linkar osb)

Mens du ventar på morgondagens presentasjon kan du f.eks. kose deg med dei vene blinkskudda på denne vevsida.

- Vil du sjå bilder av Barlia F.K.? Trykk
her
, og her.
- Er du meir interessert i BFK Farmers? Sjekk ut
her, og her.
- Sugen på BFK Babes? Sjå bilder av dei
her
.
- Vil du heller sjå bilder av publikumslaget BFK Bedrift trykk
her.