Brynjulf Frøysa sine tankar kring Nattcup 2006 - 04.01.2006

Det er berre to dagar igjen til årets store hending i Strandahallen byrjar. I den forbindelse har barliafk.com teke seg ein prat med ein gammal traver på Barlia F.K. Her er Brynjulf sine tankar om Nattcup 2006.
 

Brynjulf likar seg utan sokkar, og "labbane" fell fort av foten i lystig lag.
Det blir ei kanonbra turnering i år. Det verkar som at det i år er jobba veldig godt med cupen, så arrangøren skal ha mykje ros. Turneinga har lange og gode tradisjonar, så eg har store forventningar foran den 12. utgåva av Nattcup.

Om eg skal sjå nærmare på mitt eige lag, nemleg Barlia F.K., ser eg positivt på det. Det er ein særs triveleg gjeng, og det er moro å samlast til litt fotballspel. Sportsleg trur eg vi kan gjere det bra om vi har dagen. Samhaldet og innsatsviljen bruka å være varemerket vårt, og det må vere eit minimum at vi kjem oss vidare frå gruppespelet, men kvartfinale bør være eit overkommeleg hinder.

Personleg så er målet mitt å gjere det så bra som mogleg, og det kjem til å bli sabla artig. (Eg håper også at eg beheld drakta når eg spring forbi Kjølåsen). Ellers så vonar eg å besøke kiosken ofte, høyrer rykter om at det skal vere baguettar der i år.

Må skyte inn at eg ikkje er heilt sikker på fyren med Kaka-drakt på laget vårt, vertfall ikkje etter at han


Brynjulf kosar seg i god-stolen heime i "Gråtta" i
Barlia 89.

introduserte seg som "Bløtkaka". :-) Med det vert spennande å sjå, trur i alle fall at han kjem til å gjere det stort på Generalforsamlinga på laurdagskvelden. Det blir stas!

PS: Håper vi møter Shadwell! Eg har vedda 2000 kroner med Geir Lillebø på at Barlia F.K. vinn dersom vi møtter Shadwell. Så ein kvartfinale eller kanskje finale mot karane i dei nye hummel-draktene hadde ikkje vore dumt.
     

Brynjulf ser med..

..positivt blikk..

..på Nattcup 2006.